ÅRSSKRIFT 2013 – Ragnhild i Tøa – del 1

ÅRSSKRIFT 2013 – Ragnhild i Tøa – del 1

-et kvinneliv på 1800-talet Av Ådne Fardal Klev

I år er det 100 år sidan kvinnene fekk almen røysterett i vårt land, og jubileet har vore feire året gjennom med ulike arrangement. I denne artrikkelen vil eg ta for meg ei kvinne som aldri opplevde å få røysta ved eit stortingsval – heller ikkje ved eit kommuneval. Eg tenker på mi eiga oldemor frå Øvrebø, Ragnhild Andersdotter Heggland (1833 . 1897), eller Ragnhild i Tøa som ho nok oftast blei kalla av bygdefolket. Det er ikkje så mange kjeldene ho har etterlate seg, inga skriv om sitt eige liv og sine eigne kjensler – eg veit knapt om ho kunne skriva oglesa. Ein annan av mine oldeforeldre – ei oldefar frå lyngdal – var fødd same året som Ragnhild, han kunne rett nok lesa, men skriva kunne han ikkje. Tildet hadde han hatt for dårleg skulegang. Skal ein skrive noko om oldemor Ragnhild, må ein difor finna opplysningane andre stder enn frå ho sjølv, til dømes forteljingar fra slektningar, offentlege papir, folketeljingar, kyrkjebøker, bygdebøker osb.

Ragnhild blei fødd 6. august 1833 på Heggland i Øvrebø, og namnet fekk ho etter farmora. Faren, Anders Aanensen (1801 – 1876), var fødd på den garden som han etter kvart tok over. I 1832 gifta han seg med Kristi Omundsdotter (1799 . 1877) frå Høye i Øyslebø. Far hennar mista alt han åtte under ein brann på Høye i 1815. Ho må ha vore ei sterk og uredd kvinne. I bygdeboka for Øvrebø skriv Jon Åsen: «Kristi var rik og myndig. Dei fortel at ho var i kyrkja ein gong, då fann ho på å fylgje presten rundt alterringen, og sia opp trappa til preikestolen. Dei spurde henne etterpå kvifor ho gjorde det. «Eg ville vise presten at eg ikkje var redd han,» svara ho.» Anders og Kristi sat lenge på garden. Det var og ein husmannsplass under garden, «Furubakken» kalla, og der budde i fleire år Anders si syster med mann og familie. Her på plassen kunne dei fø eit par kyr, og i 1865 hadde dei sådd ei halv tønne havre og sett 1 3/4 tønne poteter. Desse må ha flytta frå før 1875, for då er her ikkje plassfolk. Denne husmannsplassen låg vest på heia, nokre hundre meter frå garden. Rikdomen var nok større hos husbonden sjølv. I 1865 hadde Anders og Kristi 6 kyr, 6 sauer og 2 geiter, utsåden var 1 tønne blandkorn (blanding av bygg og havre), 1 tønne havre og 2 tønner poteter. I 1864 selde dei garden ut av slekta. Dei blei gamle folk, og dei siste åra budde dei hos eldstedottera i Tøa. Det var i denne familien Ragnhild voks opp. Ho var tvilling, bror hennar heitte Aanen, og «levede omtrent en time«, står det å lesa i kyrkjeboka. Han var heimedøypt av jordmora. Familien flytte så til Støa under garden Høye der mor i huset hadde røter frå. Her budde dei i 1835 då sonen Aanen ble fødd. Han var ugift, og drukna i Bjørnestølvatnet som ung. Etter ei tid flytte familien til Heggland att, og her ble yngstgejenta fødd i 1838, Anna, som i 1863 blei gift med Tobias Torjesen Skår. I 1865 var dei husmannsfolk utan jord under Grødal, sonen deira, Anders, var då to år gamal. Seinare budde visstnok også denne familien på Heggland. Korleis barne- og ungdomsåra var for Ragnhild veit me lite om. Skulegangen var nok heller dårleg, skal me tru u like kjelder. I Øvrebø var det ved utgangen av 1840 ei folkemengd på 2246. Av desse utgjorde «Skolepliktige børn» 164 guta og 194 jentr, og mellom desse har nok Ragnhild vore. Ingen born i Øvrebø fekk privatundervisning, og heller ingen hadde dette året forsømt skulen – verken «af Fattigdom» eller «af Modvillighed» som det heiter i ein tabell frå denne tida. Øvrebø hadde då 6 omgangsskuledistrikt med 13 roder. Av dei 358 skulepliktige borna fekk 74 skriveundervisning, 30 fekk rekneundervisning, det var ingen viderekomne elevar og det var berre halde ein eksamen. Her var 6 lærarar – eller «Omgansskoleholdere» for å halde seg til språkbruken i tida. Øvrebø hadde ingen fast skule då, heller ingen klokkargard, men det var ein kyrkjesongar ved hovudkyrkja som var tilsett før 1827, blir det opplyst. Her var heller ikkje noko bibliotek for almugen. I Råbygdelagets prosti, som Øvrebø var ein del av, var det berre Evje som hadde slikt bibliotek – med 50 medlemmar og 90 bøker til utlån. Dette var tørre fakta, men frå andre kjelder veit me at skuletilhøva i Øvrebø var så som så einskilte stader. I 1837 uttalte sokneprest Pharo at det ikkje fanst nokon lærar i Øvrebø prestegjeld som kvalifiserte seg til «nogen Præmies Erholdelse». I 1841 blir nemnte lærarane Gunder A. Røstad, John N. Haugland og Anders J. Røstad som dugande til arbeidet, men same år blei også ein 27-årig lærar gitt avskil etter fem år på grunn av «Drikfældighed«. Om skulen skriv prosten i 1842 at fleire av lærarane var «meget slette«. Jon Åsen siterer i kultursoga prosten sine tankar: «Jeg støtte endog på flere temmelig gamle (børn) som ei kunde læse i bog. Hvorvidt de alle var underviste og øvede i at bruge deres forstand kunde jeg ei få anledning til at dømme om, thu uagtet flere alværlige opfordringer var det mig umulig at få et par av skoleholderne at gi børnene sådanne spørsmål at de kunde avlegge prøver i så måde.» Ragnhild ble konfirmert 3. oktober 1847 i Øvrebø kyrkje og fekk der karakteren «Godt». Konfirmasjonen var byrjinga på det vaksne livet, og Ragnhild har truleg tent ulike plassar i nærleiken slik skikken var. Dette veit me derimot ikkje, kjeldene fortel ikkje noko om det. Sikkert var ho óg med og hjelpte til heime på garden hos foreldra.

Lars