ÅRSSKRIFT 2013 – Gunnar Iveland: Puttis – Drikketro –…
Puttis og drikketro Då eg var barn brukte vi puttis. Det var 10 cm breie band av ull som ble vikla rundt leggane frå sko til kne. Det kom fr¨å England rundt 1900. Det blei bruka av menn og kvinner på skituerar. Barn som skulle ut og leike i snøen fekk puttis på leggane. Mange skulebarn som hadde lang veg på ofte ubrøyta bygdevegar brukte puttis. Dei var varme og gode og samstundes heldt dei snøen borte frå dei heimestikka sokkane. På slutten av 40-åra gjekk dei ut av bruk. Omlag på same tida som drikketroa for hestane.
Drikketro var frå den tida då all transport var med hest. Dei sto i vegkanten slik at hestane kunne drikke rett i frå troa ved vegen. Vatnet kom frå ein bekk eller eit oppkomme. I oppkomane var det alltid vatn, men bekken kunne gå tørr. Vatnet rann til troa frå ei renne eller eit røyr. Mellom Stallemo og Greibesland var det ei tro rett før Glymstre. Mellom Stallemo og Homstean var det ei tro rett etter høgåsen og ei rett føre Homstean. Ingen er det merke etter nå.
Glymstre – kva er det? Det er ei trang innsnevring av eleveløpet mellom Greibesland og Stallemo. For nokre år sidan var eg på ein skogsbilveg frå Utsogn saman med Arthur Utsogn. Då me kom til elva som renn frå Homstean til Stokkeland seier Arthur: «Her heiter det Glymstre». Eg såg med ein gong likskapen mellom dei to staadaane med innsnevring av elveløpet. Namnet har nok vore bruka i generasjonar. Eg undrast på kva tid det fyrst var tatt i bruk?
Stallemo, november 2013 Gunnar Iveland