ÅRSSKRIFT 2012 – Agder Tidende 1952

ÅRSSKRIFT 2012 – Agder Tidende 1952

Grensespørsmål Hægeland – Øvrebø. Formannskapene i Hægeland og Øvrebø måtte ha hjelp fra departementet for å fastslå grensene mellom de to bygdene: Å. Reiersdals eiendom ble liggende i Øvrebø og Konstanse Neset og Gunvald Robstads eiendommer hørte til Hægeland.

Badstovebad for skuleborna i Øvrebø. Øvrebø skulestyre vedtok i siste møte å ta med takk i mot tilbodet frå Idrottslaget om at skuleborna skulle få bad på Badstova ei til to gonger i månaden. Gutane får første og gjentene andre fredagen i månaden. Gunhild Loland ser etter gjentene og fyraren etter gutane.

Gjentene i fleirtal i Øvrebø. Frå sokneprest Elle har vi teke i mot denne kyrkjelydsstatistikken: I Øvrebø var det siste året født 3 gutar og 14 gjenter. Det var 14 konfirmantar. Vigde 3 par. 7 menn og 7 kvinner ar avlidne siste året.

Skulenytt frå Øvrebø. Øvrebø skulestyre hadde møte på laurdagen. Lærar Haugenes hadde 2 timar skule og etterpå vart ymse saker avgjort. ¤ Målsmann for lærarane vart lærar Mindrebø med Seland som varamann. ¤ Til formann i skulestyret vart vald Sverre B. Ilebekk med Standberg som varamann ¤ Det vart ytt fritt hus, ljos og ved til eit risseskeid som Magnhild Støylehommen skal halde på Ilebekk skule. ¤Formannen og Føreland vart vald til å tinga med fylkesarkitekten korleis ein skal gjere ved byggjing av nytt skulehus i Ilebekk krins.

Øvrebø heradstyre. Møte 12. januar 1952. Desse sakene var føre: ¤ Skriv frå Hægeland om å «purre på» at veganlegget Engeland – Samkom kjem opp på stats- og fylkesbudsjettet so fort råd er. Samrøystes vedteke: Einig med Hægeland. Men dei må fyrst gå med på visse vilkår som Øvrebø sett. ¤ Ein søknad frå Upsahl og Dalane om elektrisk ljos. Saka utsett og ordføraren konferere med styret for VAE. ¤ Ein søknad frå soknerådet om skyss til organisten – kr. 300,-, pr. år. Samr. imøtekomen. Dette skal og utbetalast for 1950-51. ¤ Det vart samrøystes vedteke å løyve kr. 1200 til innreiding av eit loft i Mølla nye skulehus for pedellbustad. ¤Ein søknad um å få skatten nedsett vart utsett, og skattetrekket innstilla inntil vidare. ¤ Branntakstmenn: framlegg frå lensmannen: Olav Upsahl, Bjørgulf Røyseland, Bernt Føreland, Søren Tverrbakken, Anders Eikeland.

Annonse i AT 1952: for 60 år siden var det ikke mye som kunne leveres omgående:

Symaskiner Bestilling mottas på 1. klasses symaskiner. for levering om et par måneder. Torleiv Bjorå. Øvrebø. Telefon8003.

AT 2. mai 1952 annonse: Anbud på husbygging Øvrebø frikyrkje                                                                                                           har fått byggjeløyve til nytt kyrkjehus. Anbod på byggjing av kyrkja sendes innen 16. mai til: Trygve Ropstad, Øvrebø p.o. telefon Røyknes sentral

Lars