ÅRSSKRIFT 2011 – Agder Tidend 1936

ÅRSSKRIFT 2011 – Agder Tidend 1936

Øvrebømann som har fått belønning: Blant de som i år er tildelt belønning av Carnegies Heltefond er også Sverre B. Ilebekk, Berg i Helgeland, i det han har fått fondets heltemedalje og 400 kr. kontant.

Ilebekk , som er frå Øvrebø, er 32 år gammel. Han er lærer og gårdsbestyrer ved Fredheim ungdomsskule. Den 11. november 1934 reddet han lærer Harald Bergem ved samme skole fra å drukne. Under en tur, som skolenslærere og elever foretok til et vann for å gå på skøyter, falt Bergem gjennom isen. Denne var rundt om så svak at han ikke kunne komme opp ved egen hjelp.

Ilebekk la seg ned på isen for å komme den andre til hjelp, men rakk ikke langt nok ut, hvorfor han lot seg gli ut i råken og med Bergem etter seg slo han seg vei gjennom isen mot land, ca. 20 meter. Bergem var så medtatt etter oppholdet i det kalde vannet at han uten Ilebekk´s hjelp ville gått til bunns innen kort tid. Redningsarbeidet var for sistnevntes vedkommende forbundet med betydelig fare.

Øvrebø Heradstyre: – hadde møte 12. september. Alle representantane var til stades. Lensmannen var møtt fram for i samråd med heradstyret å få manntalslistene a jour i tilføre stortingsvalget Talet på dei røysteføre hadde gjenge opp med 10 sidan siste val.

Torleif Bjorå søkte om tilråding til å selje frå kring 10 dekar udyrka mark frå eigedomen sin på Homstean. Prisen var umlag 200 kr. Bustadnemnda tilrådde på det vilkår at det vart innbetalt kr. 1500 til Småbruk- og Bustadbanken. Olav Øvrebø meinte at ein hadde halde på det prinsipp at når det vert seld noko frå ein eigedom . der me hev garantert, skal ein betale med summen. Ein kan ikkjedispensere her heller. Øvrebø sitt framlegg vart vedteke.

John Heia søkte om å få selje frå ein parsell på 948 kvm. til Anders J. Føreland til byggjetomt. Dersom søknaden vert imøtekomen vil han betale av kr. 1000 på skulda. Tilrådd

Johan Mushom søkte om å få overført lånet som nå lyder på Oskar Lauvaas – til seg. Lånet er på 8160 kr. Ordføraren: Me må tilrå dette. Søkjaren held brudlaup i dag. Eller kva segjer de? Jon Skuland: Jau, dei treng hus. Søknaden tilrådd samrøystes.

Det var kome søknad om heradet ville tinge nokre høyreapparat til å ha i kyrkja. Ordføraren: I tilfelle vert det vel kyrkjelydsrådet som ordnar med det.

Metalltråd ikkje lenger lovleg til snarefangst. Lensmannen i Øvrebø segjer i frå: I siste møte i heradstyret gjorde ordføraren kjent at snarefangst av orrfugl og storfugl var lovleg i tida 15. oktober til 30. desember, L. Stallemo: Er det lovleg å nytte metalltråd i snarer? Han visste om at metalltråd hadde vore nytta dei siste åra. Lensmannen kunne segja i frå at det var ulovleg å nytte metalltråd. Han meinte det måtte vere smågutar som nytta dei. L Stallemo: Nei, det er fullvaksne folk og dei hevdar at metallsnarer er fullt lovlege. Han bad politiet ta seg ein tur ut i skogane så ville dei snart verta overtydd, Lensmannen bad dei som såg at det vart nytta metalltråd å melde frå. Meldinga kunne godt vere namnlaus. Politiet ville då røkja etter.

Smil: Det var i de gode gamle dager da ikke alle kjøpmenn var like kyndige i skrivekunsten og i bokføring. En dag kom en bonde til kjøpmannen – Du skal vel betale den osten du er skyldig for? spurte kjøpmannen – Jeg har aldri kjøpt ost hos deg, svarte bonden. – Det har du, sa kjøpmannen. Jeg har en rund ring på deg her i boka, det betyr ost. – Jeg har ikke kjøpt noen ost, men jeg skylder deg for en slipestein, sa bonden. – Å ja, slipestein var det, svarte kjøpmannen lettet. Jeg har glemt hullet i midten.

Lars