ÅRSSKRIFT 2008: Gunnar Iveland: Vekkelse i Stallemodalen.

ÅRSSKRIFT 2008: Gunnar Iveland: Vekkelse i Stallemodalen.

Vinteren 1957 gjekk der ein vekkelse over bygda. Først var det ein predikant frå Misjonssambandet som talte på møtane. Han kom frå Øyslebø og heitte Andreas Nordli.

Seinare på vinteren kom det ein talar frå Kristiansand som reiste for Den Indre Sjømannsmisjon, det var Hans Drøsdal.

Han skulle vere her i ei veke, men vart her i 7 veker.

Bedehuset var fullt kvar kveld.

All virksomhet elles i bygda blei avlyst, for alle skulle støtte opp om møtane på Stallemo bedehus. Der var og sang og musikk på møtane. Det var vanleg at talarane budde privat rundt om i heimane der det passa.

Den 28. februar same vinteren blei det på Stallemo starta ei forening for Den Indre Sjømannsmisjon som fekk namnet «Fiskerens venn». Foreninga er framleis i drift. Olga Mushom var formann i mange år. I den tida var det årvisst med juletrefest. I dag lager Den Indre Sjømannsmisjon til julemesse saman med Normisjon og Misjonssambandet.

Lars