ÅRSSKRIFT 2000 – DEN GAMLE GARDE

ÅRSSKRIFT 2000 – DEN GAMLE GARDE

Avisen ”Agder Tidend” hadde i 1924 en serie om gamle folk i Agder. Den 15. mai samme år kunne en bl.a. lese:

Den gamle garde i Agderfylki

Arbeidet held modet og gleda uppe.

Han som fekk fortenstmedalja av kongen:

Nils Olsen Homme er fødd paa Nodeland i Greipstad 4. mars 1828

Det synte seg snart at Nils hadde gode evne og eit framifraa minne. Han fortell no sjølv at han kan minnast sidan han var 6 aar gamall.

Daa han var 15 aar kjøpte far hans garden Homme i Øvrebø. 11 aar seinare fekk han den halve garden av faren, og der hev han butt sidan, i 65 aar. For 5 aar sidan selde han garden til to av svigersønene sine.

Nils hev vore mykje nytta i det kommunale yrkje. Han var i 20 aar med i heradstyret og ordførar i 8 aar (!878 – 1885). I 12 aar var han forlikskommissær, i 2 aar varalensmann, og i 9 aar presten sin medhjelpar. Postopnar hev han og vore og taksert gardar for dei som vilde hava laan i bustadbanken.

Nils er og interessert i ungdomsarbeidet, tidt hev ungdomen fenge hyggja seg hjaa han. I 1910 gav han dei fri tuft til hus. Enno tykkjer han moro i aa prata med ungdomen og fortelja korleis det var i gamle dagar. Og det er nokre koselege stunder ein fær hjaa Nils. Han kan gjerne sitja time etter time og fortelja. Enno fylgjer han godt med i det daglege liv og det som hender ute i den vide verda. Og me vil vona at han fær leva enno nokre aar, og me vil ynskja han mange glade dagar i den tida han hev att.

(Martin Homme)

Andre gamle folk i Øvrebø.

Hans G. Vehus, fødd 1835, 89 aar.

Aanen A. Fidje, fødd 1835, 89 aar.

Kristen L. Grødal, fødd 1835, 89 aar.

Bernt Sørensen Iglebæk, fødd 1837, 87 aar.

Søren E. Vehus, fødd 1840, 84 aar.

Steivor Ilebæk, fødd 19/9-1839, vert 85 aar.

Olene Slottet, fødd 14/9-1839, vert 85 aar.

Kristine Engelund, yver 80 aar.

(Agder Tidend 16. mai 1924)

Kristioffer Berntsen