ÅRSSKRIFT 1997 – 15-ÅRIG BØKKER
15-årig bøkker i Øvrebø
Kåre Skuland held fram i bestefars jobb og lagar 20 dunkar om dagen!
Det går som å drepe ormar vil ein seie når ein ser 15-årige Kåre Skuland i aksjon i bøkkerverkstaden. Med vande tak og raske tak arbeider denne ungguten i i verkstraden til far sin og strevar med akkorden sin. Med tydeleg ufarlege, men praktiske våpen smir han ut ein såpedunk på «no time». Han er den tredje generasjonen i verkstaden, Kåre Skuland. Bestefaren hans, Jon Skuland, byrja verksemda i 1911.
- Likar du arbeidet godt, Kåre?
- Eg likar det godt, av og til i alle fall. Kan bli lei det, men ….
- Kor lenge har du halde på med dette?
- Å, det er lenge.
- Du er jo berre 15 år.
- Ja. men det er lenge sidan eg gjorde mitt fyrste arbeid her. Det er forresten berre dei to siste åra eg har stade jamt.
- Får du god betaling?
- 1 krine for furedunkane og 2 kroner for dei av eik. Så lagar eg kring 20 om dagen.
Og Kåre held på om klokka blir både 5 og 6! Eg må ha dagløn, seier han, og fer over ei hard eik med knivar og høvel så flisene fyk.
Denne artikkelen sto i avisen Agder Tidend i 1956. Kåre Skuland, som var sønn til Thorvald og Olga Skuland, og bror til Jon, Øyvind, Helge og Harald Skuland, omkom i en tragisk motorsykkelulykke i Høyekleivene i 1957 ………