Arkiv:
År: 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Måned: 03 05

Siste 10 fra Aktuelt


29.10.2016
ÅRSSKRIFT 2006 - DEN SOSIALE RANGORDEN I BYGDESAMFUNNET
Det er alltid spennende å lese hva andre har skrevet og tenkt om bygda vår. Fra NOH har vi fått følgende utklipp fra boka "Folket, bygda og historia" av Edgar Hovland og gitt ut på Universitetsforlaget.

 

Den sosiale rangordninga i bygdesamfunnet, statussystemet, kan ein kanskje aller best studere i kyrkja.

I Øvrebø i Vest-Agder bygde dei like etter 1800 ei ny kyrkje, og så måtte de fordele stolestadene. Det skjedde i 1805. Dei gjekk då ut fra skylda på bruka, slik at dei som hadde størst bruk fekk plassane lengst framme. Grunngivinga var helst at kvar hadde betalt til kyrkjebygginga etter skyld og bruk, derfor måtte dei som hadde betalt mest få dei fremste plassane For dei var dei gjævaste, det gav høgast status.

Eg skal ikkje her gå inn på korleis ein avgrensar eit bygdesamfunn, bare slå fast at når det gjeld Øvrebø står ein truleg andsynes ei eining som dei fleste ville kunne kalle eit bygdesamfunn anten ein avgrener det administrativ, geografisk eller sosial-psykologisk. Øvrebø var ei bygd på vel 500 menneske i 1801 og omtrent 1000 i 1865, så gjekk folketalet ned. Det var ei nokså typisk Sørlands-bygd i beltet innafor kysten, og med etter måten eit egalitært (bygger på prinsipp om alles likeverd, red. anm.) preg. Det var få store gardbrukarar, og ikkje mange husmenn.

Det blei hard strid om nyordninga i kyrkja. Vi kan slutte oss fram til at i den gamle kyrkja måtte brukarane ha site rangerte etter storleiken på matrikkelgardane, men nå kom brått dei som hadde små bruk i store gardar langt bak. Striden kulminerte i forlikskommisjonen og i retten fra mars til oktober 1814, ei tid då det gjekk andre viktige ting føre seg – om ikkje nett i Øvrebø. Det var plasseringa i kyrkja (og dermed bygdesamfunnet) dei der var mest opptatt av (og i parantes sagt: det spørs om ikkje dette kan vere symptomatisk for holdningen til Eidsvolls-verket i mange norske bygder).

Denne tidlege striden om stolane i Øvrebø kyrkje kan vi bruke til å avlese fleire ting om bygda og folket der.

For det første ser vi at den førestillinga endå hadde stor makt at allmugen – og bygdefolket – i sokna var ei eining der kvar huslyd og kvar person hadde sin faste plass. Det var ei førestilling om ei fast og slutta gruppe, der den innbyrdes ordninga kanskje aller klarast kom fram i mønsteret for plasseringa i kyrkja – og derfor måtte ein kjempe mot ”nedrykking” der. Lensmannen ville, mens saka var for retten hausten 1814, få kjent eit vitne ugildt ”fordie han er en af de Mænd, som strider for de forreste Stolesæder i Kirken”.

For det andre kan ein ta striden som eit vitnemål om at mange menneske i bygda kjende seg nært knytte saman i gardssamfunna: garden med sitt klyngetun, si teigblanding og sin fellesskap var ei sosial eining som hørte saman i kyrkja. Derfor skulle alle brukarane sitte saman, og vi ser i denne kyrkjestriden døme på at dei store brukarane på ein gard solidariserte seg med dei små som stod i fare for ”nedrykking”.

For det tredje demonstrerer striden eit drag av konservatisme: slik det hadde vore, skulle det vere. Men – og det er det fjerde: Ein kan nok av freistnaden på nyordning også lese ein del om den folkeauken og bruksoppsplittinga som hadde gått føre seg la oss seie på 1600-talet. – Kanskje nyordninga omtrent avspegla endringane når det gjeld den økonomiske  skilnaden mellom medlemmene i bygdesamfunnet i dei tilfella der den gamle skylda ikkje var for galen. Dess meir skjønneleg er det at dei som stod i fare for å bli degraderte fordi dei ikkje var rike nok, tviheldt på sine gamle plassar.

For det femte kan ein kanskje ta det som eit vitnemål om at ein ny mentalitet var i emning når dei som laga den nye stolfordelinga verkeleg drista seg til å føre inn eit nytt prinsipp: Fordeling etter prestasjonar ved bygging av kyrkja – altså oppnådd status etter yting i staden for tilskriven status etter kva gardssamfunn dei hørte til.

Ennå sist i 1850-åra var ordninga med faste plassar eit så innarbeidd og levande prinsipp i Øvrebø at dei igjen måtte lage ny stoledeling i samsvar med den ny dalarskylda. Men nå ser det ut til at prinsippet om å plassere etter bruk, ikkje etter gardar, var blitt allment akseptert. Det kan ein kanskje ta som eit teikn på at dei gamle faste gardssamfunna ikkje var så faste lenger, dei enkelte bruka hadde stige fram som sterkare sjøvstendige einingar. Når det denne gongen ikkje kom vidare protestar, kan det også vere ein grunn at folk flest ikkje lenger la så stor vekt på rangordninga i kyrkja som dei tidlegare hadde gjort.

Men lensmannen protesterte fordi han miste sin gamle plass og risikerte å måtte gå på trevet; det var ”ubehagelig for Sundheden”, foruden at det gjerne sat folk frå andre sokner der oppe, og å ta sin plass blant dei ”er saa ofte prøvet med Ubehageligheder for dem der vil sidde med tilbørlig Andagt”. Lensmannen kravde fast plass nede på grunnlag av ein noe tvilsam heimel til eit bruk han i røynda hadde overdradd til son sin.

Husmenn, handverkarar, follogsfolk og andre som ikkje sat med matrikulert jord fekk ikkje eigne plassar verken i 1814 eller i 1858. Dei måtte finne plass som best dei kunne: på trevet og andre stader. I 1855 var det etter folketeljinga til dømes 19 husmannsfamiliar med jord og 24 utan, ni handverkarar og 27 ”andre”, mens det var 126 gardbrukarar.

25 år seinare, i 1883, mens statsråds- og riksrettsstriden elles var på det varmaste i rikspolitikken, skjedde det ei radikal endring når det gjaldt stolestadane i Øvrebø: Dei blei nemleg frigitt, etter initiativ frå bygdefolk sjølve, ved eit heradstyrevedtak desember 1882 som ble approbert av stiftsdireksjonen. Før dette hadde det vore menighetsmøte der det også blei fleirtal for frigiving.

Det kom etter vedtaket i heradstyret noen fleire protestar frå folk som hadde sine plassar langt framme. Dei hevda mellom anna at saka var sett under avrøysting på menighetsmøta trass i at der var få til stades, og at dei små brukarane, som var i fleirtal, sjølvsagt røsta for frigiving etter som kyrkjeskatten blei likna etter skylda. Liksom lensmannen i 1858 brukte desse protestantane vikarierande argument  for å forsvare sine faste plassar langt framme i kyrkja – og truleg etter deira meining også i bygdesamfunnet. Folk med lang veg og mødrer med born kunne risikere ikkje å få skikkeleg plass, og jamvel kunne det hende at utanbygds folk ville ha lettare for å komme tidleg og kanskje fortrenge bygdefolk frå dei gode plassane. Ny stoledeling kunne dei gjerne gå med på, men ”for øvrig protesterer vi paa det bestemteste mod enhver Forandring af det Bestaaende”.

Men det blei snart klart at desse protestantane stod for eit avleggs syn, som folk ikkje brydde seg om lenger, men snarast fann litt låtteleg. Dei som heldt på faste plassar var klårt på defensiven. Det hadde komme andre og sterkare sosiale normar.

Lærar Lars O. Røyneland på Rollestad – ein innflyttar – var opphavsmann til framlegget om oppheving av dei faste plassane. Han argumenterte for nyordninga i eit brev til formannskapet: På menighetsmøta hadde bare tre bønder røsta mot, og omkring 50 både små og store bønder hadde røsta for. Jamvel blant dei største bøndene var det altså nå bare noen få som var interesserte i å markere si stilling i bygdesamfunnet ved å sitte på faste plassar langt framme i kyrkja. Det var ikkje lenger god tone, og dei fleste var vel einige med Lars Røyneland når han hevda at ”Frihed og Lighed just i Kirken er paa sin rette Plads, enhver Rangeren bør her være borte”. Vi hører omen av demokratiske slagord, eit fjernt ekko av dei store revolusjonane var nådd til Øvrebø.

Men Lars Røyneland kunne meir enn å servere slagord. Han rådde til at protestantane fekk ha to stolar lengst framme i kyrkja mens dei andre stolane blei gitt fri, ”thi nu at nedlægge Sagen vil vække Misnøje i Menigheden”. Dette var ein politisk genistrek. Den øvste stolen blei reservert for protestantflokken som i mellomtida hadde skrumpa inn til fem. I staden for å ta plass i ein æres-stol måtte det vel for desse kjennas som å gå i skammekroken – for slike som ikkje følgde med tida, som var i utakt med det synet bygdefolk nå jamt over hadde på seg sjølve og rangeringa seg imellom – i alle fall i kyrkja.

Nå må ein nok spørje seg kor djupt skiftet i sosial holdning eigentleg gjekk, om folk kanskje hadde oppdaga andre måtar å syne sosial status på enn å få best mogeleg plass i kyrkja. Dei kunne eksponere seg i formannskapet, i foreningslivet osb. Men det som hende i Øvrebø 1882-1883 står i alle fall for meg som eit tydeleg teikn på at nå var det slutt på den gamle tanken om eit bygdesamfunn der alle hadde sin faste og absolutte plass i eit slutta system. Det var også slutt på den tida då ”alle” i bygda møttes på ein sams ”sosial arena”; den gamle tingskipnaden gjekk også i oppløysing på denne tida. Dei nyare heradstyremøta stetta ikkje same behov, dei batt ikkje saman på same måten.

Skipnaden med faste stolestader blei for resten oppheva i heile landet ved lov i 1897. Vi har og andre døme på at den gamle ordninga blei oppheva på lokalt initiativ i bygder på Agder før loven, mens restar av skipnaden med faste stolestader og særskilt kvinne- og mannssid heldt seg mange stader lenge etter 1900. Men fenomenet er visst ikkje studert systematisk og i samanheng. Eit slikt studium kunne mellom anna kanskje ha avdekt interessante regionale skilnader.

Vi legg merke til at opptaket til frigivinga av stolestadene i Øvrebø kyrkje kom på menighetsmøte som jo var frivillige og ikkje offentleg instituerte på denne tida, men likevel mye brukte frå ca. 1870. Då som nå var det nok helst dei med særleg interesse for religiøse spørsmål som var til stades på menighetsmøta. Vi står altså andsynes typiske sekundærgrupper: Ein fraksjon av bygdesamfunnet kom saman for å drøfte særinteresser, jamvel om ca. 50 deltakarar utgjorde omkring 1/3 av brukarane i bygda.

Dei som arbeidde for frigiving hevda at dei første stolane i kyrkja ofte var mest tomme, mens andre var fylt til trengsel. Det å gå til kyrkje var ikkje lenger så sjølvsagt, - ein gjekk der ikkje så mykje for å ”representere”, syne sin plass i bygdesamfunnet, og fordi ein på denne måten møtte andre folk i bygda, men ein gjekk der fordi ein var religiøst interessert – eller let vere å gå fordi ein ikkje var det.

Det var for resten nett i desse åra det kom ei avdeling av frikyrkja i bygda, rørsla begynte å verke der i 1870-åra mens det formelt ble skipa ein eigen frikyrkjelyd i 1887. Dette òg kan ha gjort sitt til å rive grunnen bort under prinsippet med faste stolestader i den gamle, etablert kyrkjelyden, - ein fraksjon av bygdefolket braut heilt med den.

Frå omkring 1870 og særleg i 1880-åra blei det elles skipa ei rad ulike foreningar i Øvrebø: lærarlag i 1868, bondevennforening omtrent samstundes, samtalelag 1882, venstreforening og skyttarlag 1885, fråhaldslag same år, forutan ein heil del religiøse kvinne- og mannsforeningar i 1880-åra. Altså ei sann oppbløming av lagsverksemd for ulike særinteresser nett på same tid som folk fekk sitte kvar dei ville i kyrkja. Mange av foreningane hadde eit partipolitisk og rikspolitisk siktemål: Venstreforening, samtalelag, bondevennforening og Venstre-skyttarlag. Øvrebø-folk var blitt borgarar av storsamfunnet for alvor. Det var nok større samsvar mellom det som skjedde på riksplanet og i Øvrebø i 1883 enn i 1814.

Og til sist: eit anna fenomen er også verdt å legge merke til i Øvrebø i 1880-åra. Då kom den første bølgja av utskiftingar etter loven av 1857. Fire større gardar blei utskifta. Og så kom det ikkje noen utskifting før ei i 1906 og ei i 1927. Også gardssamfunna blei altså nå i det ytre løyst opp, og i staden for samfunn og fellesskap kom det skilde og sjølvstendige enkeltbruk  ………

 

PS: som et ekstra poeng er det verdt å nevne at Høgskolen i Agder bruker Øvrebø kirke som et eksempel for å vise at folk her i bygda var, så vidt en har kunnet finne ut, de første i Norge som fikk gjennom et konkret resultat som tydelig viser at en mente at alle var like mye verdt som menneske enten en var fattig eller rik. Hvert år tar de studenter, som studerer norsk språk og norsk kultur, med på et besøk i kirken og forteller om resultatet av stoldelingsstriden.