ÅRSSKRIFT 2015 – Jon Åsen: Øvrebø – del 1
Jon Åsen samlet utrolige mengder med stoff om gamle Øvrebø, og i storverket «Norges Bebyggelse», har han skrevet presentasjonen av bygda vår. Det kom ut i 1957, altså for nærmere 60 år siden, og vi har tidligere referert store deler av artikkelen i Årsskriftet for 2010. Her kan du lese fortsettelsen av hvordan bygda ble beskrevet den gang. Det er nok en hel del som har forandret seg mye på disse årene.
Øvrebø har eit utruleg godt utbygt vegnett for rundkjøring med bilruter. Det er 55 km veg som heradet har vedlikehald av. Dertil kjem hovudveg og fylkesveg.
Øvrebø er ei utprega jordbruks- og skogbruksbygd. Det er desse næringane som stort sett ber økonomisk. Stoda åt heradet vil stå eller falla med dei kår desse næringane har. Brørne Førelands bil- og karosseriverkstad gjev og fastarbeid til ikkje så få.
Ein fekk folkeregister i 1943, med nyskiping 1946. Heradet hadde lensmann saman med Hægeland.
Øvrebø og Hægeland Sparebank blei skipa i 1858. Det blei likna ut 1 ort 16 skilling pr. skylddalar i begge herada, og på denne måten fekk banken eit grundfond på 115 spesiedalar. I 1859 hadde banken ein styringsmedel på 1416 spd. I 1953 var han kring 3,5 mill. kroner.
Slik landslaget er med skogsettte heiedrag mellom smådalane, er det jordbruk og skogbruk som er hovudlevevegen. Bruka er jamne smågardar, dei fleste etter sørlandstilhøve medels store gardar. Dei toler ikkje fast leigehjelp, og berre til onnetidene og til skogsdrifta må mange ty til leigd arbeidskraft. Det er såleis ingen leik og vere bonde eller bondekone her. Men bøndene er vane med dette og heng jamt over i trugen glede fast ved odelsjorda. Dei finn hugnad og fred i arbeidet med jord og skog og set ikkje så store krav til levestandard som elles har vore tilfelle etter krigen.
Ein legg merke til at bøndene flest legg meir vekt på tidhøvelege og romsame uthus enn moderne stovehus. Men om innhusa jamt over er små, er dei oftast velhaldne og unelege.
Etter jordbruksteljinga i 1949 kan ein gruppere gardsbruka slik: 19 bruk har under 10 da dyrka mark, 35 bruk har 10 – 20 da, 93 bruk har 20 – 50 da, 26 bruk har 50 – 100 da, og to bruk har over 100 da. Den samla jordvidda var 4976 da, derav 1115 da åker, 3443 da kunsteng, 56 da natureng, 765 da kulturbeiter. Dyrkbar, men udyrka mark var 4255 da.
Etter oppgåve frå jordstyret blei det pr. dekar dyrka 150 kg kveite, 170 kg bygg, 200 kg havre og 1800 kg poteter. Det er mange siloar i heradet, 3 maskinhaldarlag med traktor og fleire private. 28 gardbrukarar med 200 kyr er med i fjøskontrollag. I 1949 hadde heradet 120 hestar, 961 storfe, 153 sauer, 127 grisar 4083 høns. Kring 85% av storfeet er Lyngdalsfe.
Den gamle prestegarden er heradseige, elles er jorda privat eigedom. Men det har ikkje alltid vore så. I 1647 var det 27 gardar i Øvrebø med 44 oppsitjarar og 49 huder skyld. Av dette åtte bøndene 16 3/4 huder eller omkring 16%. 12 huder, eller 24%, var krongods (kongen si eige). Kyrkje og prestebol åtte 2 1/2 huder. Resten, kring 18 huder, var på private utanbygds hender. Under matrikkelen 1668 var det 37 gardar med 63 oppsitjarar. Samla skyld då var 53 3/4 huder. Bøndene sjølv åtte 18 1/2 huder, krona åtte 17 1/4 huder, utanbygds 134 1/2 huder, og kyrkje og prest åtte 2 1/2 huder. Det var såleis mange fleire leiglendingar enn sjølveigarar for 300 år sidan. Tilhøva hadde skift mykje i 1723. Av 53 huder skyld då åtte bøndene sjølve 40, krona åtte 11, kyrkje og prestebol åtte 2 huder. Straks etter blei krongodset selt, og dei fleste bøndene blei då sjølveigarar. I Vestgarden Reiersdal var 1 hud skyld mensalgods (geistleg) til 1800. Då blei det selt, og garden blei heilt sjølveigargods.
Husmannsbruk har det vore så langt attover me har sikkert oversyn frå kring 1600. Men det var ikkje mange slike. Husmennene hadde vanleg ei ku og nokre smålog, som han beitte i buskogen til husbonden. Han gav gjerne nokre dalar i årleg leie og hadde dertil pliktarbeid for husbonden ei veke eller to i onnetidene. Jordhungeren tykkjest ha vore så stor at mange totte mon i å festa seg husmannsplass. Dei siste husmannsbruka blei lagt ned føre siste hundretalsskiftet.
Driftsmåten i jordbruket helt seg truleg tolleg ubrigda gjennom nokre hundreår framover til kring 1850 – åra. Det var stort krøterhald, og ein stor lut av foret blei samle på hei- og skogslått. På mange gardar ble det slege frå 80 – 100 lass skoghøy årleg, og sume gardar hadde 10 – 15 skogløer. Det blei også lauva mykje, helst osp- og raunelauv. Mitrikkelnemda sitt arbeid i 1866 syner at endå blei det slege mykje skoghøy. På mange gardar var verdet av heislått og verdet av skogprodukt til sal nokolunde likt. Saue- og geitehaldet var endå stort, men det minka sterkt framimot hundretalsskiftet. No har skogslåtten lite og inkje verd, men di meir verd har skogen fått. Fram til fyrst i 1900-talet var det hjuringar på kvar gard, som traska til skogs kvar morgon med matskreppa på ryggen og stav i handa. Med hauking og song dreiv dei bølingen til skogs klokka sju om morgonen og kom heimatt i sjutida om kvelden. Vanleg løn for hjuringgut i sumarmånadene var kost, dress og eit par sko. No høyrer hjuringen soga til. Alle buskogar er inngjerde, og buskapen styrer seg sjølv. Mange nyttar no kulturbeite. På fleire gardar er det slutt med å beita krøteret i skogen.