ÅRSSKKRIFT 2007 – Minner fra tida som lærer på…
Kåseri av lærer Thorvald Haugenes:
Eg vart spurd om å fortelje litt om tida mi som lærar her dersom det vart noko av denne samkoma, og eg håpa at det ikkje vart noko av. Det ville no helst bli at eg fortalde om meg sjølv, og det kan då ikkje vere noko moro.
Då eg kom ut fra lærarskulen i 1919 var det lærarmangel som no. Eg hugsar at eg søkte på ti lærarposter og fekk tre av dei. Eg hadde fyrst tenkt å ta ein oppe på Hamar på ein tredelt skule. Men eg snakka med mor mi og ho tykte eg skulle kome nedover her. Eg hadde ikkje vore heime den sumaren, eg hadde vore i militærteneste i Garden. Eg bestemte meg då for å kome ned her og vere her i eit halvt år. Lenger enn til jul ville eg ikkje bli. Eg huske at eg trefte Torje Øvrebø i Oslo, og han visste kva som hadde hendt, og han sa til meg at du må verkeleg se og få trekt deg for det er ei skrekkeleg bygd. Det er ein gjeng som er farleg på alle felt og lensmannen må se å få dei vekk. Han ville aldri råde noe menneske til å søke post her. Ovrebø var ikkje nokon stad å vere i det heile tatt, og Stallemo var den verste plassen.
Eg var ferdig med eksamen i juni og husker ein episode då: eg skulle møte i Garden same dagen som vi skulle slutte på lærarskulen i Elverum. Eg søkte om ein dags utsettelse for å møte i Garden, og gardesjefen ga meg tre dagars utsettelse og sa at det var då fælt så beskjeden eg var. Eg måtte då få lov til å ta farvel med dei venene eg hadde fått der.Vi skulle vere inne i fire månader og eg søkte om å få sleppe med to fordi eg hadde fått post her. Gardesjefen meinte at det var då mykje betre å vere i Garden enn å slite i einkateterkrakk langt ute på landsbygda, men han ville likevel innstille på at eg skulle få fri.
Eg hugsar eg var borte her for å se meg om, og eg fekk nøklar av ei som budde på loftsrommet på skuilenl. Det var ho svært skeptisk til og måtte vere med meg ned for å se til at eg ikkje drog avgårde med noko. Eg husker at eg fekk se meg litt rundt og ringte til lærar Fivelstad og fekk lov til å tinge litt materiell som eg måtte ha.
Mitt inntrykk då eg kom var at Hægeland, Stallemo var ei pen bygd. Eg tykte det var litt håplaust med vegar, me husker korleis vegen var Under Åsen. Eg var frå Bjelland og me var vant med litt av kvart, men det var traass alt betre enn her. Eg sykla opp til Greibesland og bar sykkelen over heia til Spikkeland og kom heim att til Bjelland.
Då skulen begynte husker eg tykte elevane var både flinke og greie. Det var 16 elevar i storskulen då, 10 jenter og 6 gutar. Eg trur det var lettare å halde skule då. Ein kunne gje elevane meir lekser og heimearbeid enn det siste nå. Dei gjorde det dei fekk beskjed om sjølv om det nokre gomnger kunne vere litt hardt for dei. Eg kjende meg sjølvsagt svært usikker og lurte på korleis det skulle gå. Eg hadde berre halde fire veker skule borte i Eidanger. Lærarskulen begynte fyrst i oktober og eg kunne difor halde skule i september der borte. Spanskesjuka herja og det var behov for vikarer. Eg hugsar at eg fekk ei 6. klasse i teikning. Dei ville bort i parken og teikne for det hadde dei fått lov til før og eg var dum nok og gjekk med på det. DSå vi kom dit forsvann dei til alle kantar og eg hadde ein svær sjau med å samle dei igjen. Det er sånne bommerter ein gjer og ekstra vanskeleg var det å kome der som vikar. Ein hadde liten respekt med seg. Noko liknande problem hadde eg då eg hadde praksis på lærarskulen på Elverum. Elevane som kom inn på Middelskulen vart delte i 6. og 7. klasse, og dei som ikkje kom inn på Middelskulen var vanskeleg å ha med å gjer. Her var elevane flinke, beskjedne og veldig rolege og lette å få til å følgje med.
Elles kjende eg ikkje mange her: det var Torkel Mindrebø som lærte meg å synge «for grisane», Anders Skarpengland, som eg kjente frå militæret og Anna Ubostad. Men det gjekk fort å bli kjent her. Rektor på lærarskulen hadde gjett oss det rådet at me skulle gå i heimane og prate med folk og det rådet praktiserte eg etter fattig evne. Det er viktig å kjenne litt til korleis elevane har det heime, det vil ein ha fordel av når ein har dei på skulen. Folk her var veldig hyggelege og tok godt i mot meg. Kvar ein kom vart ein møtt med ein prat og ein kopp kaffe. Den eg vart fyrst kjent med var vel Lars Greibesland, far til Trygve her. Eg var mykje hos dei og hadde mykje hygge der. Dessverre vart han ikkje mykje gammel.
Eg hugser eg var nokså spent då det fyrste kullet eg hadde skulle ut. Det var Gudrun Stallemo, eg veit ikkje kva ho heiter nå, det var Ester Stallemo, nå Flottorp, Tønnes Hægeland og Karl Liane. Det gjekk i grunnen ganske bra. Me hadde allerede innført skriftleg prøve i norsk stil og rekning her i Øvrebø. Neste år var det berre ein elev: Lars Kleveland. Året etter var dei seks tykke: Nelly Greibesland, ………….
– og her slutter kåseriet til lærer Haugenmes når det var på det mest interessante. Dessverre var lydbåndet videre umulig å tyde, men dersom det er noen som har fortsettelsen vil vi gjerne skrive den neste år !