ÅRSSKRIFT 2015: Et barndomsminne
Det var ikke bare idylliske forhold i de såkalte «gode gamle dager«. Her kan du lese en dramatisk historie vi har fått fra Kjell Anders Greibesland, som hadde den etter sin far, Trygve Greibesland. Det som gjorde at han hadde samlet på det var at hans bestefar, Sjur Hægeland, som opplevde en så dramatisk hendelse og som altså hendte her i gamle Øvrebø-
Det var ein myrk haustkveld. Alle i huset hadde gått til sengs og sovna. Eg sov i same romet som mor og far. Brått vakna eg ved at nokon spente på gangdøra, og då stovedøra vart opna høyrde me ei mannsrøyst som ropa: «For Guds skuld, lukk opp og slepp meg inn, eg er fallen blant røvarar». Sjølvsagt vart me oppskaka av eit slikt rop. Mor fekk i ein fart på seg nokre klær og fekk opna gangdøra. På dørhella stod det ein mann frå grannegarden og hesten hans stod ved trappa. Lampa i stova var blitt tent og mannen kom baklengs inn døra, dette av di han var slått i hovudet og ansikt og blødde ganske mye. Han var difor redd me skulle støkke (bli rædd) om me straks såg kor blodut han var. Då Bård hadde vaska av seg blodet og blitt forbunde, fortalde han at han kom frå byen. På den tida var det nokså vanleg at dei fleste hadde storparten av sin handel i frå byen. Når dei så hadde byreis gjorde dei gjerne storhandel, fekk stort lass, slik at dei hadde varer for nokså lang tid framover. Denne gongen hadde også Bård ganske stort lass, og i nokre bakkar straks før ein kom til heimen min, steig han av vogna, og gjekk baketter hest og lass. På ein stad der det var nokre store eiker kjem det brått springande fram på vegen ein mann og slår til Bård og får han under seg. Pengepungen i bukselomma og setelboka i vestlomma får overfallsmannen tak i, og så med eitt sprang han sin veg. Bård kom seg opp av vegen, fekk tak i taumane, sette seg på vogna og vegen fram til heimen min var ikkje lang. Og alle var oppskræmde av slik handling, så vart det til at Bård vart verande hjå oss til neste dag. Straks det dagast vart det sendt bod etter lensmannen om å kome å sjå om han kunde få greie på kven som var overfallsmannen. På staden der overfallet var gjort, var det tydelege merke i grusvegen der Bård hadde ligge, og der låg også setelboka. Overfallsmannen hadde hatt tak i boka, men under basketaket hadde han mista den, truleg hadde han trudt det kom folk, for i vegsanden stod det synlege spor etter han mange hundre meter, der det tydeleg viste at han hadde sprunge alt han kunde. Det var eit magert utbytte han fekk av overfallet, avdi han ikkje fekk med seg setelboka. I den var det forresten heller ikkje mykje pengar, men det kom seinare opp at det hadde vore tanken at Bård den dagen skulle fått oppgjer for sal av tømmer. Overfallsmannen trudde nok difor at det kunne gjerast eit godt kup. Same mannen var også borte i ein sau som kom bort, og dei særmerkte spora han sette etter seg på båe stader, felte han, slik at han fekk dom, jå kom endåtil ei tid på Akershus. I vår fredelege og rolege bygd vert folk oppskaka av slikt. Mannen var kjendt i bygda og kom seinare bort frå gale vegar, heldigvis, men det vart ein dyr lærepenge for han. K.S…
(PS: K.S… forteller oss at det er Karl Skogstad på Mushom som har skrevet dette stykket. Han var referent for forskjellige aviser i distriktet og skrev mange innlegg og referater. Samtidig er personene han skriver om anonymisert, men nå vet du hvem den ene var.)