ÅRSSKRIFT 2008: Gunnar Iveland: Predikanter

ÅRSSKRIFT 2008: Gunnar Iveland: Predikanter

Mitt fyrste minne om predikanter er frå 1930-åra. Me budde i eine enden av hust, besteforeldra i den andre enden. Predikanten budde hos besteforeldra mine og fekk maten saman med familien. Då kom bestemor: «Han slikker av kniven og så rett i smøret!» Då sette ho ein ekstra kniv i smøret.

Den neste som eg minnest trur eg heitte Singelstad. Han sang og spelte trekkspel. Dette tiltrakk dei unge, men blant dei eldre var det delte meiningar om trekkspelet.

I ungdomen vart eg kjent med Johannes Kjøstvedt frå Randesund, skulelærar og talar. Han fortalde historier frå eigen og andres møteverksemd. Han var i mot basarar som innsamling av penger. Han fortalde at salmediktarpresten Anders Hovden var så følsam og stemningsfull at det kunne ta heilt overhand. Han kunne jamvel stå på talarstolen og snakke om den uvanleg fine kona si. «Ho er så ven, så ven».

Han hadde og vore saman med ein kjent predikant frå byen som hadde møte i ei bygd der han overnatta privat. (Det må ha voere på garden Nyberg.) Han fortalde om ein merkeleg mann. Dei sat og fekk seg morgonmat og tala om åndelege ting. Då kvakk mannen plutseleg til: «Se, der er ein tere (tiur)!» Eg kjende mannen, ein ivrig jeger og fangstmann. I dei harde 30-åra kunne ein tere vere ei hjelp til livsopphold.

Det var skilnad i undring frå ein bymann og ein frå bygda. Då me kom ut frå eit møte høyrde eg ei bydame seie: «Det lukter fjøs av alle mann her».

Elles var det ulike begrep knytta til emisærane: emisærsko, Reiersdalsrull, og emisærtid. Emisærtida var gjerne om hausten når innhaustingsarbeidet på gardane var ferdig. Då var det ei rolegare tid. Så kom slaktetida. Derfor vart det gjerne litt ekstra i matveien der emisærane budde privat.

(Gunnar Iveland)

Lars