ÅRSSKRIFT 2015 – Gamlelensmannen i Øvrebø med det store…
To generasjoner Bjerland har vært lensmann i Øvrebø og Hægeland: Olav og Trygve. Her kan du lese den hederlige omtalen Olav fikk i avisen (Fædrelandsvennen?) da han fylte 90 år.
I sine yngre dager var han ikkje til å slå på sykkel – og som 60-åring sykla 20 mil om dagen på langtur. Olav Bjerland fyller 90 år.
Onsdag 20. mai fyller lensmann Olav Bjerland, Øvrebø, 90 år. Ingen skulle tru at den mannen ber på så mange år, for lett og ledig og kvikk i rørslene er han ennå, og klår i tanke og minne som få. Men så har mannen snaut kjent sjukdom i heile sitt liv og gikt er heit ukjent for han. Litt mein med hjarta i det siste har gjort at han ikkje gjer alt for kåte sprett, men tek det meir med ro, og steller tre kyr dagleg, høgg ved og puslar elles med noko av kvart. «Eg må ha noko å stæke med», seier han, og det er skjøneleg for haile livet har vore ein lang, rik arbeidsdag på dei ymse felter – ein arbeidsdag som har vore feststunder for han sjølv, og til uvurderleg gagn for andre. Difor har denne mannen berre vener, og det er kanskje eit sersyn – ikkje minst når det gjeld ein lensmann frå eldre dato.
Han var tilsett som lensmann i Øvrebø og Hægeland i 1901 og heldt fram i den stillinga til ut i krigsåra. I desse 40 åra hadde han ikkje ein einaste tvangsauksjon. Dei økonomiske tilhøva var sers skrale dei første åra etter hundreårsskiftet, og mellomkrigsåra det same, men eg skreiv for folk utan omsyn til stand og stilling, og dei aller fleste gjorde alt kva dei kunne, så det var lite eg tapte på den måten, seier han.
Dette syner hjartelaget hjå lensmannen, og han fortel at han såg det som ei oppgåve å hjelpe folk. – Dei sveik meg ikkje. Eg har vore i kvart einaste hus i Hægeland og Øvrebø, og alle stader her eg kjent meg heime og vore velkomen, så eg har fått løn for alt og er glad i alle.
Før var det lova og «hamaren» som til vanleg var nytta, så ein kan seie at det vart eit heil omskifte i desse bygder i Bjerland si lensmannstid, og som han vil bli hugsa for i lange tider framover.
Lensmannen har også hatt eit humør som ikkje har svikta korkje i gode og tunge dagar. Tidleg miste han kona si, Helga,født Horrisland, og det var eit veldig tungt slag for han og dei to borna (Alis og Trygve.
I mellomkrigsåra gjekk det for han som for så mange at han varute for store økonomiske tap, men du høyrde aldri han klaga. Sorgene bar han sjølv -og gleda delte han med andre, og trua og vona såg alltid framover.
Også mykje har lukkast. Reiersdal kjøpte han straks han var gift og hadde fått lensmannsstillinga, og har drive og dyrka opp ca. 25 mål jord. Han har alltid følt seg som bonde og vore særs glad i skog, jord og dyr, og difor vore med i dei samskipnader som arbeider for bonden si sak. Han var såleis med i Øvrebø Bondelag i mange år. Og då Bondelaget vart politisk parti melde han seg inn der. Elles har han vore nytta i heradstyret i lang tid og hatt dei fleste ombod innan kommunen,