ÅRSSKRIFT 2015: Kåre Mushom: Minne frå skuletur 1962
Eg gjekk i sjuande klasse på Ilebekk skule på Homstean. Dette var det same året som eg gjekk for Presten og skulle konfirmerast til hausten. Vi var ein liten klasse på 15 stk: 12 gutar og 3 gjenter. Vi hadde lærar Gunnar O. Holen frå Bykle.
Det vart mykje tale om skuletur dette året og det var visstnok mange reisemål som var nemnt. Til sist sto det om 2 plassar, og det var Danmark eller Bykle, men etter avrøysting vann Bykle med stort fleirtal.
Vi skulle då reise til Bykle og så gå til fots inn i Støyledalen til lærar Holens støyl som heitte Kaupmannsbu; og det var ein gamal støyl, truleg frå 1200-talet.
Gunnar Holen var noko opptatt av at vi måtte få toleg greit ver, i og med at vi måtte gå til fots inn til støylen, og spenninga var noko stor utover våren korleis dette skulle bli.
Avreise: Avreisedagen vart fastsett til måndag 18. juni, men med litt verforbehold. Dagen kom, og veret var toleg greit, med litt skyer og litt sol, så det var ingen tvil, veret var meir enn godt nok! Vi møtte opp på Homstean, truleg klokka 8 om morgonen. Vi var 10 gutar og 2 gjenter som kom med fulle ryggsekkar og soveposar. Transporten var Olav Iglebæk`s lyseblå Ford Transit med Alfred L. Ilebekk som sjåfør. Vi stappa inn i bilen best vi kunne, men mykje måtte liggje på taket. Er enno litt i tvil om dette var heilt lovleg med så mange i bilen, men i dei åra var vi kanskje ikkje så redde for dette.
Turen oppover Setesdalen gjekk veldig fint og alle kosa seg, og vi prekte og lo, så det var nok ikkje så lett å vere sjåfør med slike folk i bilen.
Til Kaupmannsbu: Attmed Bykle Samyrkelag stod lærar Holen og vinka oss velkomen. Han og kona hadde jo ferie slik at dei var i Bykle og på Løyland i Valle likevel. Liv Holen var frå Løyland i Valle.
Gunnar Holen hadde lagt opp løypa litt nord for Bykle sentrum og så inn gjennom Støyledalen for her var terrenget nokså flatt og lett å gå, men det var omlag 10 kilometer å gå. Vi kunne ha gjenge opp frå garden Holen, då meiner eg det var omlag 7 kilometer, men då var det mykje brattare og tyngre.
Vi starta vandringa med godt humør innetter dalen med lærar Holen i spissen. Vel framme vart vi motteke av fri Liv Holen som eg trur måtte vere reist inn til støylen på førehand. Vi gutane og lærar Holen tok inn på Kaupmannsbu, og då vart det noko fullt, men vi fekk då plass og alle var nøgd. Gjentene og fru Liv Holen tok inn på nabostøylen som eg meiner heitte Blomstøyl, eller kan hende var det Øystøyl? Dei hadde ordna dette medvelviljuge grannar.
Her kosa vi oss i 5 dagar viss ikkje eg minnast feil. Vi fann på mange slags ting som å rennepå bakenden i snøen, rulla stein, brant bål og gjekk turar lenger inn i fjellet. Vi freista også fiskelykkai elva framfor bøen, men eg minnest ikkje om det var så mykje vi fekk, men noko var det nok, fordi eg meiner å minnest at vi steikte fisk.
Tussekyrkja: Eit stykke bortom Kaupmannsbu var det ein stor stein som dei kalla Tussekyrkja. Den såg mest ut som ein pyramide, men kunne også likne på ei slags kyrkje. Vi såg korkje tusser eller troll, men i fylgje eit gamalt sagn heitte det at viss ein gut og ei gjente gjekk 3 gonger rundt denne steinen, kom dei seinare til å verte gift. Vi hadde mykje moro med dette, og nokon gjekk rundt, blant dei var Solveig Hægeland og Magne Strandberg, også Normann Lian, men ingen av desse vart gift med Solveig. Kan hende dei berre gjekk rundt 2 gonger? Vi hadde vekslande ver desse dagane, helst grått med noko skodde og litt yr, men vi brydde oss ikkje med det, for vi hadde det så utruleg moro.
Reinsdyr: Det låg enno litt snø rundtomkring, men framfor støylen var det bart, og der hende det stundom at det kom ville reinsdyr ned for å beite på denne årstida. Dette hadde Holen tala om, så vi gjekk liksom å venta på det. Brått ein morgon då ein av oss var oppe og kika ut glaset fekk han auge på 8 – 10 reinsdyr som beita på vollen framfor støylen, og han slo straks alarm, og då for vi opp alle som ein, og det gjekk fort. Men Helge Skeie fekk ikkje opp glidelåsen på soveposen, så han berre tok tak med armane og dermed rakna soveposen, men han fekk med seg synet av reinsdyra.
Meir brød: Dagane gjekk, men det gjorde sanneleg maten og, slik at Gunnar Holen måtte ta turen til Bykle Samyrkelag å kjøpe meir brød, men han var sprek som ein fole så det var fort gjort.
Heimturen: Eg er ikkje sikker, men eg trur at me måtte reise heimover fredagen den 22. juni, og då meiner eg å minnast at me gjekk den kortare vegen forbi ein foss som heitte Rjukandefossen ned til sjølve Holen Gard, som få år etter vart demt ned og sett under vatnpå grunn av krafutbyggjinga, slik at alle som budde på Holen måtte flytte frå. Heimturen gjekk føre seg med same transportmiddel, og Holen hadde nok avtala med Alfred Ilebekk om møteplass og klokkeslett, eg trur det var på Holen Gard. Turen nedetter gjekk greit heilt til vi kom til ein plass i nærleiken av Granheim. Då kom ein tysk bil oppover, men langt over i venstre side, for ikkje å seie i vår kjørebane, sjølv om det slett ikkje var 2 kjørebanar med gul stripe nokon stad der i den tida! Dette kunne ha gått heilt gale dersom ikkje Alfred Ilebekk fekk «heve» Transiten lynkjapt over i venstre sida han og, slik at vi enda opp i ei lita jordskråning og fekk stoppa. Tyskaren stoppag fordi han sneia bort i sida på Transiten, og fekk nokre små riper i lakken, og han klaga seg over at bilen var «nymalt, nymalt» sa han. Ingen av oss kunne tale tysk, men litt kunne vi då på engelsk slik at nokon skreiv opp bilnummeret og så vidare slik at Olav Iglebæk fekk ordna opp i dette seinare. Eg meiner at den forte reaksjonen til Alfred Ilebekk redda kanskje både liv og helse, då det elles kunne blitt «front i front». Men vi kom vel heim og alle var samde om at vi hadde hatt ein gild tur!
Takksemd: Dette var nokre minner som eg har hatt mykje glede av, og eg tenkjer titt med glede og stor takksemd tilbake på denne turen. Men nå i vår fekk eg eit «påskot» til å skrive dette ned, i og med at Lærar Holen døydde no i april 2015, og er ikkje lenge her hos oss. Vi som fekk fekk vere med på denne opplevinga vil alltid vere takknemlege til både Gunnar og Liv Holen for det dei gav os og ofra av si fritid for oss elevane!
Her er namna på dei som var med: Nils Sigmund Loland, Olav Helge Ubostad, Normann Lian, Alf Greibesland, Helge Skeie, Øystein Lie, Jan Magne Strandberg, Reidar Horrisland, Oddleiv Loland, Kære Mushom, ………… Skarpengland og Solveig Hægeland. Sjølvsagt må nemnast Gunnar og Liv Holen. Må ikkje gløyme Alfred Ilebekk som køyrde.
NB! Eg skreiv dette på Nynorsk fordi vi hadde det som mål på skulen og ikkje minst då eg skulle skrive om Bykle og Lærar Holen. Men det er ikkje sikkert at rettskrivinga vart så god? Elles må de ha forståing viss det er detaljer som ikkje stemmer heilt. Solknipen mai 2015. Kåre Mushom