ÅRSSKRIFT 2015: Jon Åsen: Øvrebø, del 4
Øvrebø Blå Kors forening blei skipa 11. april 1926 og har kring 200 medlemer. Det er serleg lagt an på å få dei unge med i arbeidet, og det blir halde mange møte. Sume av desse er ungdomsmøte, der dei unge hev ansvaret for programmet. Elles er det konfirmantfestar, gamlefestar og nyårsfestar. Alt arbeidet kviler på kristeleg grunn. Film har vore nytta med varsemd, og ofte er det møte med tilreisande blåkorsarbeidarar. Laget har og ein speidertropp. Lærer Mindrebø har lagt ned eit stort arbeid som formann i dette lokallaget og som mangeårig formann i Sørlandet krins av Blå Kors.
Misjonslaget var nok fyrste laget her. Det er kring 100 år sia det vart skipa. Kvinnelagsarbeidet som har vore knytt til misjonslaget, syner best kva trott og varme det har vore i laget inn i misjonsarbeidet alle desse åra.
Venstrelaget og skyttarlaget kom begge kring 1880-åra. Dei var ein renning av den politiske unionsstriden. Enno kan gamle folk fortelja om interessa kring dei store folkemøta venstrelaget skipa. Eldhugen i laget har spakna, jamvel om det er kome både arbeidarpartilag og bondepartilag i heradet. Derimot har skyttarlaget betre greidd å samla, serleg ungdomen.
Det frilynde ungdomslaget blei skipa i 1904 og har halde arbeidet opp fram til i dag. Serleg fyrste åra arbeidde laget godt. Det kosta seg ungdomshus på Homme og er einaste laget i heradet som har eige hus. Her som elles har det frilynde lagsarbeidet vore ujamnt. Til tider har laget vore sterkare glødd for målreising og folkeviseleik og har gjort godt arbeid her. Det har elles vore ein god bindelekk for ungdommen og har hatt oppsedande verd.
Øvrebø Idrettslag er sterkt og aktivt. Det har serleg gått inn for skiløyping og orientering, og har nokre av Vest-Agder Idrettskrins sine beste tevlarar. Idrettslaget har gått i gang med badstovesbad og gjer i det heile ein verdfull innsats for ungdomen. Det blir både alvor og trott i dette lagsarbeidet.
Øvrebø Fråhaldslag var i arbeid i mange år og dreiv godt. Det blei og skipa barnelag. Desse laga har diverre pause no (1956), men Blå Kors held fråhaldsfana høgt.
Av yrkeslag er det Bondelag, Bondekvinnelag, Skoglag, Husflidslag, Jeger-og fiskarlag o.fl. Mest verksamt av desse er Bondkvinnelaget. Lagslivet i ei bondebygd er av overmåte stort verd. Dette at folk som bur spreidd, stundom på einbølte gardar, får høve til å kome saman om sams interesser, styrkjer samkjensla og trua på det ein brenn og strir for. Ein sliper kvarandre, vekkjer, nører og tenner. Her spirar mangt eit frø som er sådd, evner og anlegg faldar seg ut. Hand i hand med lagslivet dreg også skuleboksamlingane og heradsboksamlinga. Dei har bøker for dei ulike interesser og kan gje hugnad, uvikling og vokster i fristundene heime. Lagslivet kan stå i fare for å ta overhand, slik at heimelivet lid under det. Her burde bøkene kunne vera ei motvekt. Filmen er eit problem i mange små bygder. Det ein får se av film her, er kanskje ofte av negativ verd. Men ungdom vil til møtes med filmen, og som tilhøva er i dag, må dei ofte leita ut for å finna filmar som kan vere positivt verd for tidtrøyte og oppseding