ÅRSSKRIFT 2015: Jon Åsen: Øvrebø, del 3
Folketeljing for heradet har ein ikkje før 1801. Men manntalet for 1665 kan gje ei rettleiing på folketalet då. Det har 234 personar av mannkjønn. Reknar ein at det var like mange av kvinnekjønn, kjem ein opp i468 personar. Det kan truleg ikkje bli mykje feil. Og det talet tykkjest å ha halde seg noko likt eller gått litt opp dei fylgjande halvtanna hundre år. Etter kyrkjeboka var det ei tid framover eit lite overskot av mannkjønn. I 25-års bolken 1750 – 1774 vart det døypt i Øvrebø kyrkje 236 gjenteborn og 287 guteborn. Fra 1800 til 1824 viser kyrkjeboka 318 døypte gjenteborn mot 314 guteborn. Då har altså mannkjønnet kome i mindretal.
Men folketeljinga i 1801 syner også fleire kvinner. Det har 544 personar i alt, kvinnekjømm 289, mannkjønn 265. Tida 1850 – 1874 syner jamn auke i folkevoksteren: frå 1875 – 1899 blei det døypt 333 gjenteborn mot 371 guteborn, og teljinga 1891 syner (etter Amund Helland) 888 personar. I 1952 var folketalet 910 personar, kvinnekjønn 441, av dei 132 under 16 år, mannkjønn 469, av dei 132 under 16 år.
Dei fleste i Øvrebø har sitt yrke i heimbygda, men sume arbeider ved fabrikkar o.l. i Oddernes og Kristiansand, medan dei bur heime. Bilruteskipnaden har mykje å seia for heradet, serleg for avsetnad av mjølka.
Øvrebø trygdekasse hadde i alt 316 medlemer i 1951. Av desse var 109 trygdepliktige og 207 fiviljuge medlemer.
Øvrebø arbeidsløysetrygd har eit fond på 26000 kr. Dei som er melde inn i trygdepliktig arbeid, betaler premien saman med sjuketrygdpremien. Arbeidsgjevar og medlem betaler lik lut. Heradet sin del av denne premien er 25%. Hittil (1956) har det ikkje vore utbetalt dagpengar til nokon arbeidslaus frå heradet, men det er gjeve stønad til yrkesopplæring for 3 ungdomar. Heradet har distriktlækjar saman med Oddernes, men det har eiga jordmor.
Etter at heradet kjøpte prestegarden i 1905, blei denne nytta til gamleheim fram til 1934. Då ordninga med alderstrygd blei gjennomført, blei det færre som trong forsorgstønad. Slike fær no rom hos private.
Helselaget (Sanitetsforeninga) blei skipa i 1913, og sjukesyster vart tilsett. Dette laget arbeider godt og har vore til sers stor hjelp og signing.
Det er mange sinnssjuke som er i privat pleie i heradet. Serskilt må nemnast heimen til Torje Håverstad og fru Lovise på Nordhagen. Begge to har mange års røynsle i røkt av sinnssjuke. Det var direktør Th. Dahle ved Eg sjukehus som ba Håverstad reisa ein privat koloni. Fra 1934 leigde dei prestegarden til sjukeheim og var der til1946. Då flytta dei til Nordhagen. Dette er eit stort gardsbruk med 100 dekar dyrka mark, 40 dekar kulturbeite og 1000 mål skog. Det er enda mykje dyrkande jord. Håverstad og frua har sett seg som mål å gjera den private sinnssjukerøkta så god som råd er. Dei har no teke eit stort nybygg i bruk med sengeplass til over 40 pasientar. Her er alt moderne og praktisk innreidd. Ein merkar seg dei god, ljose soveroma med tidhøvelege senger. Den store daglegstova med stålrøyrstolar og vakre bord er sers ljos og triveleg. Pasientane går godviljug med på å ikkje røykja her, dei set pris på å ha det sunt og uneleg. I fjøset er det nokre og tjue mjølkekyr, 3 hestar på stallen, mange grisar og høns. Håverstad meiner det er bra at pasientane kjem i arbeid, det spreier tankane. Mange av dei likar også dette, når dei får velje arbeid etter eigen hug. Og her er det nok å velje mellom. Ver fast og roleg og syn pasientane tillit, seier vertsfolka. Sume har fått lov til å byggja seg små hytter kring på garden, og der trivst dei sumarsdag. Departement og helsenemnd har sett med velvilje på dette tiltaket. Ein må og tru at dette er rette vegen, når ein veit at staten ikkje har rom til meir enn 50% av dei sinnssjuke i sine offentlege sjukehus.
Endeleg må nemnast Lolandsheimen. Det er Sørlandet Krins av Blå Kors saman med Kristiansand Blå Kors som eig og driv denne heimen. Det er slike som har lege under for alkoholmisbruk som skal få hjelp her. Heimen blei innvigd i oktober 1947. Sosialdepartementet blei så nøgd med dette tiltaket at dei godkjende heimen som kurheim alt i 1949. Det er plass til 11 personar. I tida fra starten til nyår 1952 hadde 80 personar hatt stuttare eller lengre opphald på heimen. I 1952 er han utvida med bustad til styraren og familien hans. Styrar har vore Asb. Tveito, Lars Tjelland og no (1956) Magnus Abelseth.