ÅRSSKRIFT 2015: Jon Åsen: Øvrebø – del 2
Busetnaden er oftast knytt til grender med 2 – 3 opp til 12 – 15 tun. Sjølve bondegarden er det ikkje meir enn 8 – 10 bruk på, såleis Lolandsgarden med 9 bruk. Større sentra er Homstean med kring 20 tun. Det aller meste er skild ut frå garden Ilebekk etter 1840. Då kom hovudvegen til Setesdal framom, og då tok nybygginga til. Det er vegkryss her, med 2 butikkar, slakteri, skule, berdehus, posthus og telefon. Dertil er dei fleste heradskontora samla her. Myllebygda med 12 – 14 tun er og eit sentrum i vekst. Her er det brørne Førelands bil- og karosseriverkstad som har skapt voksteren. Også her er det to butikkar, posthus og skule. Samlingshuset til frikyrkja ligg her.
Til eit bondetun i eldre stil høyrde stovehus, uthus, stabbur, badstove, kvernhus og ofte smie. No er det att helst få stabbur. Badstovene blir også borte saman med kvernhus. Dei gamle hustypene kunne vera tri slag: 1: Tohøgdes enkelt breie hus med midtgang og eldhus på baksida. 2: Einhøgdes hus med midtgang og eldhus på baksida. 3: Tohøgdes hus i eine enden med midtgang og eldhus i andre enden. Tekking med never og torv var vanleg, det er borte no. Eldhusa hadde åre midt på golvet med blekkstein og gjelgje. Røyken gjekk ut gjennom ljoren oppe i mønet. Siste eldhuset som blei rive, var truleg på Bakken, Greipesland.
Om skogen og skogsdrifta har heradskogmeisteren i Torridal gjeve desse opplysningane:
«Det er utført ei serutrekning for Øvrebø på grunnlag av det resultat landsskogtakseringe frå 1928 kom til. Grunnlaget for denne utrekninga er spinkelt,med di det berre gjekk to liner gjennom haradet. Men linene har truffe sers heldig, så resultatet skulle bli nokolunde brukande. Etter dette set eg då opp som produktivt skogareal i dekar:
Bonitet: Barskog: Lauvskog: Sum: % Høg…. 190 230 420 0,6 Medels…. 25330 15460 40790 54,1 Låg…. 21040 13100 34140 45,3 Sum…. 46560 28790 75350 100,0
Resultata av landstakseringa er noko gamle no. I dag vil eg tru at lauvskogarealet er noko større, medan barskogarealet har gått noko tilbake. Men nyare målingar har ein ikkje, så ein får rekna med tala frå 1928. Resultata frå denne målinga syner at kubikkmassen er: Bartre 2,9 m3 pr. dekar, lauvtre 1,2 m3 pr. dekar, sum 4,1 m3 pr. dekar. Etter desse oppgåvene skulle det vere kring 218000 m3 bartretømmer og kring 90000 m3 lauvtrevirke i heradet. Etter landsskogtakseringa skal det vere ein nyttbar tilvekst på om lag 6000 m3 bartrevirke og 2500 m3 lauvtrevirke. Takseringa i dag ville truleg gje noko andre resultat.
Det meste av tømmeret som blir avvirka til sal, går til stav og kassebord. Årleg forbruk till desse produkta er 1500 – 2000 m3. Som rundlast blir det som oftast selt om lag 1500 m3. Reknar ein at avverkinga siste året (1952) var 4500 m3 tømmer og 2500 m3 ved, blir bruttoverdet av dette kring 440000 kr. Dertil får bygda ein del av produksjonsverdet med å skjera stav og kassebord.
Dei siste åra er det jamt over sett ut om lag 40000 plantar. I 1952 er det planta kring 60000 plantar. Det er gran som helst blir planta. Det er gjeve tilskot til ikring 50 plantefelt, og 30 – 40 nye felt er under arbeid. Dei fleste felta er mellom 5 og 10 dekar. Planting er viktigaste kulturarbeidet. Naturleg forynging er vanskeleg i Øvrebø. Eit av dei vandaaste problema er å få opp ny furuskog. Det er store areal som berre høver for furuskog, men det er berre små område si kan fornya naturleg. Vi vonar vitskapen snart kan koma fram til ein billeg kulturmetode for forynging av furu. Det høver best i Øvrebø.»
Stavproduksjonen i Øvrebø har gamle tradisjonar. Gamle brev frå 1600-talet kan fortelja om stavdrift. Det er nemnt både «døktige staver» og «vrakstaver». Den gongen blei staven hoggen, ikkje skoren. Lettare går det no, då det er elektriske stavsager på annankvar garden. I den siste helvta av førre århundret blei det skore ikkje lite lauvvedstav. Det var stor eikeskog i Øvrebø då. og det blei drive mykje fletting av eikebork. Alt i 1670-80-åra var det sagbruk både p¨å Øvrebø, Reiersdal og Stallemo. Det var priviliegerte sagbruk, som Kristiansands-borgarar oftast hadde hand om. Storskog var det og sume stader. I ei skogsak frå Stupstad i 1760-åra fortel skogoppsynet for Øvrebø at dei under synfaring i skogen hadde funne hoggen last på 40 – 47 fots lengde og 11 – 12 tumars topp. Dei trea vart verdsette til 2 rdl. stykket.
Plantelivet på heividdene er helst einslunge. Det er mykje røslyng, sers vakker når ho står i blom. Av og til finn ein småflekkar med kvite lyngblomar. På myrane veks det mykje gras-myrgras, starr, bjørneskjegg og romegras – og slike myrer var før sers verdfulle til slått av for for sau og kyr. På sume myrer er porsen så utbreidd at det vert lite brukande som slåttemyrer. Her og der finn ein soldoggplanten. I myrstrendene og innover bakkane er det helst starr, eit bra beitegras, og i fjellsprekkane kan du kome over småduskar med St. Olavsskjegg. I lIene gror det mykje smølegras, herleg beite for sauen. Blå- og kvitsymra ()blå- og kvitveis) er fyrste vårblomane, og konvallen lyser opp kring kvitsunntider (pinse). Serleg rik vegetasjon er det ikkher, med di gneisen er så utbreidd underlag. Men bærlynget finst mest alle stader, slikt som blåbær, tytebær, mjølbær, mikkelsbær og krekling. Molter veks det her og der på einskilde heimyrer. Der kan det og verelitegrann dvergbjørk. I heimejorda er det lekkeblom (løvetann), smørblom (soleie), prestekrage, tjøreblom, blåklokke m.fl. som er mest vanlege, men dei blir sett på som ugras. Tiriltunge og tepperot er vakre og vanlege, helst på vegkantar. Nattfiol, nattkonvall og musk er ikkje vanlege, men alle set pris på angen deira. Dei ymse bregneplantane er mykje utbreidde