ÅRSSKRIFT 2015 – Gamlelensmannen i Øvrebø med det store…
Grunnlaget for det gilde og interessante livet mitt, seier han, vart lagt i barne- og ungdomsåra. Han er ein av dei eldste i ein barneflokk på 13 stk. som vaks opp i vonlege gode kår på Bjerland i Bjelland. Naturen med fjell, skog og vatn lokka og drog, og «eventyra» byrja i ung alder. Alt som 4-årisymde han uløyves i Mindrebø-vatnet fram og attende utan å kvile. Dei leita etter han heime, og då dei fekk sjå det velse hovudet på vatnet sprang dei så fort dei kunne for å hjelpe, men då var han komen i land. I same alder kleiv han opp en bratt fjellvegg nordafor garden, der det var fortalt at ein mann før hadde fare. Så tenkte han at han ville prøve, og han greidde det, endå det var i vårløysinga og is og stein ramla over han rett som det var. Som 7-åring byrja han å gjæte. Han passe på 14 kyr og 40 sauer, og rett som det var vanka bjørnen i traktene. – Eg var aldri redd bjørnen, seier han. Eg gjekk føre krøterflokken og bles i bukkeluren og hoista iblant og det gjekk alltid godt så nær som ein gong ein gild ver vart drepen i Stavdalen ved Mindrebøvatnet. Berre ein gong var eg redd. Eg låg og sola meg i lyngen, då ei ørn trudde eg var ein hare eller eit lam, og slo ned og skulle ta meg, men eg fekk gjætletina over meg, og den skræmde ørna bort. Skulen var eg veldig glad i, og når han dreg minne fram frå den tid blenkjer tårene. – Ei lita veik gjente skulle ein gong ha ris, men då gråt vi alle og bad for henne, og straffa slapp ho. Eg kunne aldri tola at nokon av borna leid overlast, og eg hadde mangt eit basketak for å hjelpa dei.
Av læraren, Knut Abelseth, fekk han ei bok der det stod: «Ole Olsen Bjerland den flittige» og syner at han nytta skuletida godt, og det heldt han fram med då han som 18-åring gjekk underoffiserskulen i Kristiansand. Han gjekk ut som nummer 3 i ein klasse på 47 elevar, og då han synte testamoniet for sersjant s. Mindrebø, sa han: «Du må gå videre og utdanne deg som offiser.» Men det hadde han ikkje råd til. Då vi skulle opp tileksamen i symjing, tenkte eg at eg skulle syna dei noko ekstra, og frå ei bryggje stupte eg uti og sumde 2 – 300 meter under vatn, så kapteinen vart livredd og trudde eg drukna, men eg fekk 1 i karakter!. Som sportsmann var han i den tida langt føre andre. I eit utal av konkurransar på sykkel vart han alltid den beste, så nær som ein gonmg. Løypa den gongen var frå Hægeland til Kristiansand. – Då han kom til Geitevassmyra ca 2 km ovafor Mosby, gjekk det gale med sykkelen. Han sprang då til Mosby og ville låna sykkel der, men det var uråd å få nokon. -Eg laut då springa til Kristiansand, og sandeleg fekk eg premie den gongen og. Ein annan gog starta vi i Kristiansand og skulle sykle til Hægeland, og då var eg 17 minuttar føre andremann.
Største bragden synte han i sykling då han var 60 år gamal. Eit stort lensmannsmøte skulle haldast i Lillehammer. Han sykla fram og attende ca 120 mil og jamt over sykla han 20 mil om dagen!
Også på ski var han utifrå god. Dei fyrste to tevlingane nytta han heimelaga ski med vidjeband, men ski gjekk av på midten, og han laut stolpa i laus snø langt inne frå heia, så han trudde han aldri kom fram. -Men då blei eg sinna og fekk kjøpt bra ski og vart bestemann i neste tevling.
Som militær på mønstringsferd gjekk han opp mot 7 mil om dagen og var attåt innom mange heimar.
Også som skytter var han ein av dei beste og sto som formann i skyttarsamlaget i mange år. -Jakt har eg dreve som hobby, og lesehugen har alltid vore stor. Heime var Bibelen å seie einaste lesestoff, og han kunne lange stykke utaboks.
Dette er berre små smakebitar av livssoga til «gamlelensmannen», men ein kan godt skjøne han når han seier: _»livet har vore interessant og fildt, folk er snille og gode, og eg synest eg har venner over alt, og er veldig takksam for det.»
– Vi forstår det, men vil helsa deg og med 90-årdagen at du har vor hjelpsam og tenaren for så mange som difor deg med ein varm takk.
Meldar. (Hvem «meldar» er som har skrevet dette stykket vet vi dessverre ikke.)